Mombasa! :D
Vi nærma oss slutten av det lange oppholdet vårt i Øst-Afrika, og til avslutning skulle vi tilbringe tre dagar i havnebyen Mombasa i Kenya, der vi skulle sole oss og bade i det indiske hav. Vi var klare for å slappe litt av og la inntrykka synke inn, og ha nokon dagar utan fast program.

Sjåføren vår til Mombasa viste seg å vere Wilson, ein av sjåførane vi allereie hadde hatt i tre veke, og som vi hadde sagt tårevått farvel til dagen før. Så det var en koselig overraskelse! :) Turen frå Nairobi skulle egentlig ta åtte timar, men med litt afrikansk tid tok den tolv. Berre ein time utanfor Nairobi fekk vi nemlig motorstopp, og blei ståande i fire timar og vente på ny buss. Dette har vi blitt vant med, så når Wilson sa det ville ta ein time, tenkte vi automatisk tre. :) Vi fann fram kortstokk, bøker og solkrem, og slo oss til ro, mens trailane tuta i vei til tjue muzunguar som sola seg i veikanten.

Men reisa var verdt det :) Då vi vakna dagen etter, venta ei langstrakt KVIT strand, med palmer og solsenger klare til bruk! Bassenga var heller ikkje så verst, der vi kunne sitte på barkrakkar under vatn, spele volleyball og vere med på vannaerobic om vi ville. Sjølv om vi var forbredt på andre turistar, vart det eit sjokk då vi innsåg at fleire av dei bur på hotellet utan å sjå anna enn stranda, og meinte dermed at dei hadde "opplevd" Kenya. Ein høygravid tysk mann i speedo (syyykt kvalmt!), som tilbød seg å smøre ryggen til Merethe opptil fleire gongar, skulle vere der i fire måndedar, og kome tilbake neste år. Så vi fekk satt ting litt i perspektiv.


Vi nøt tre gode dagar på hotellet med nydelig mat og gode senger, og på måndag besøkte vi også kultursenteret Bombolulu. Her fekk vi omvisning rundt på ein fabrikk der handicapa arbeida med å lage tre- og steinvarer, smykker og rullestolar. Fleire av elevane gjekk litt amok på gåvebutikken, så mange heime kan nok vente seg noko spennande her frå :)

Det var også nok av muligheter til å få kjøpt ting på stranda, sida der nesten var fleire selgara enn der var turista. Berre vi bevega oss så vidt nedanfor utanfor hotellet, vart vi møtt med: "Jambo! How are you? Where you from? Holland? Sweden? Germany?" Alle selgarane hadde dei beste prisane, unike design, og varer som berre kunne bli kjøpt akkurat der. Ein del kom også me litt spesielle tilbod, både av sprøyter, drinker og romantiske svømmeturer for å snakke om framtida (Ida). Terje mista tolmodigheita etter ein halv dag, medan det tok litt lenger tid for oss andre å innsjå at vi ikkje kunne sei "Jambo" ein gong, utan at dei fulgte etter oss i mange hundre meter for å få solgt varene sine.
Siste dagen gjorde elevane akkurat kva dei ville, som var alt frå snorkling med korallrev, massasje, og manikyr og pedikyr.


Masai-landsby
Onsdag sto vi tidlig opp og satte kursen mot Nairobi igjen. Vi stoppa for å besøke ein masailandsby på vegen, der gutane fekk hoppe spensthopp og jentene "shaka" kroppen. Her fekk vi opplæring i korleis tenne bål med to pinnar på strå og diverse dyreavføring. "We use cow shit, or elephant shit, or maybe goat shit." Anna fekk også filma ein liten gut som sto og smila, før han plutselig løfta på kjortelen og tissa midt på gårdsplassen.



Til slutt vil safariklassa legge inn ein søknad til Sagavoll. Her har vi hatt tidlige morgenar og gått tidlig til sengs, og når vi då i tillegg ligg to timar framfor Norge i tidssone, er vi altså vant me å stå opp klokka 05.00 norsk tid, og legge oss 19.30. Derfor er det litt seint med kveldsmat til same tid, så vi forventa at Sagavoll innrettar seg etter vår døgnrytme. Med andre ord: endå tidligare frukost, endå tidligare kveldsmat og tidlig i seng! Håper det ikkje er for mykje å be om.

Det første vi fekk sjå var krontrane. Veldig pene dyr, og veldig facinerande fakta! Desse er skapt for å leve saman to og to, og går aldri åleine. Dersom den eine av dei døyr, døyr den andre rett og slett av hjertesorg! (= et stort "nnåååh" frå alle jentene i bilen til Hans.)
Etter berre 10 minutt køyring såg vi ein stor flokk bøflar - det dyret som faktisk er det farligaste for menneske. "If I go out, there will be no more Silas for your bush-family!" - Silas.
Vi var ikkje dei einaste ute å køyrde, for plutselig såg vi ei stor samling med 25 safaribilar. Vi køyrde nærmare og fann ut at de låg ein leopard i graset!! Enda ein av the big five, den sjeldaste og vanskelegaste å finne, og vi fekk sjå den etter 20 minutt! Ho låg stille, men etter kvart luska ho bortover til ei busk der det låg fleire ungar.
Vi skulle til å køyre vidare, men bilane flytta seg berre 20m lenger opp, til eit einsleg tre. Oppi der låg endå ein leopard. Vi sat og venta i spenning, og trur du ikkje vi fekk sjå at den gjekk ned frå treet! Dabasso har køyrd rundt i mange år, og aldri sett ein leopard gå ned frå eit tre! Snakk om heldige safari :)
Så køyrde vi vidare på løvejakt! Og joda, karavanen av safaribilar leda oss til jungelens konge som låg å solte seg i glansen av kinesiske turistar og blitsar. "Hmm, King of the Jungle, take a picture, take a picture."
Funfact: visste du at elefanten er gravid i 24 månader..? I tillegg blir den over 100 år, og rekk å bli gravid fleire gongar. Sånn, fire av dei fem store, etter berre ein halv dag! "Nå har me sitt buffalo, leopard, løve og elefant, så nå mangle me bare reinsdyr! Nei? Rhino, mente eg..!?" - quote Anna.
Minnene frå dei stygge og skumle hyenene i "Løvenes konge" vart fort vaska vekk etter vi møtte ei hyenemor med seks små.
Så på toppen av ein liten bakke fekk vi sjå gepardar, verdas raskaste dyr, som låg å sola seg i varmen. Etter dette var det på tide å køyre heim til nydeleg middag, og ei GOD natt søvn med to mjuke puter og varmeflaske i fotenden. Vi var godt fornøgde med dagens fangst, og gleda oss til ny runde dagen etter, der vi håpa å få sjå nasehorn (neppe?), flodhest og baby lions, Silas sin favoritt :)
Noko av det første vi fekk sjå dagen etter, var gepardane ute på tur, mora med tre barn frå i går!









































Terjæ
Solings på g.





